Arkiv


REFERAT STYREMØTE 5.2.2014
last ned:

Styremøte Oktober 2009

Tid: Måndag 19. oktober, kl 18.00-21.00
Stad: Tanks videregående skole, Kong Oscarsgt. 21, på lærarrommet i 2.etg.
Desse møtte: Unni Solem, Torbjørg Austrud, Johs Bleie, Stephen J. Walton og Øystein Hide.


Saksliste:

Godkjenning av innkalling og referat frå forrige styremøte


Sak 1: Status Haugestiftinga/ Dokumentasjonssenter Olav H. Hauge

Det vart gjort greie for siste nytt, og referat frå Stiftinga sitt styremøte 16. september 2009 vart lagt fram. Status (juridisk) for boksamlinga på Rossvoll vart diskutert.

Sak 2: Status Poesifestivalen og programkomiteen 

Programutkast til Poesifestivalen 2010 vart lagt fram og kommentert. Det vart og diskutert om Venelaget skal arrangere litteraturkonferanse/litteraturseminar i høve festivalen i 2010.


Sak 3: Status for heimesida og venelagsheftet

Ny nettstad er etablert, og nytt nummer av Venelagsheftet er klart til utsending.


Sak 4:Prisutdelingar i 2010

Status for Amboltpris, Ung Poesi og studiestipend. Styret avventar forslag frå komiteen for Amboltprisen; Ung Poesi vert utlyst på nyåret, og det vart foreslått at studiestipendet ikkje vert utlyst for 2010.


ÅRSMØTET 2014


Referat frå styremøte 29.09.14
Du kan lesa referatet her:

Referat frå styremøte 3.11.14
Du kan lesa referatet her:

Den andre mannen i meg
Få med deg filmpremiere i Ulvik på Haugesenteret:

http://www.haugesenteret.no/ohh/no/aktuelt/ohh/no/framside/artikkelkarusell/F%C3%B8rpremiere+p%C3%A5+Den+andre+mannen+i+meg.d25-Sw7rSWP.ips


Biletspel på Hardingtonar 2013
Programskaparen Geirr Tveitt
og biletspelfilmen
Ordmeisteren Olav H. Hauge

Laurdag 15. juni 2013 kl. 12:00
Thon Hotel Sandven, konferansesalen

Hardingtonar startar i år ein ny programpost der me går 50 år tilbake i tid og lyttar til radioprogram Geirr Tveitt laga i NRK. I 1963 vart bl.a. dikt av Olav H. Hauge tonesette. Me vert med på vitjing hjå Hauge i Ulvik og får høyra urframføring av songane. Det høver soleis godt å også ha premiere på biletspelfilmen Ordmeisteren Olav H. Hauge, laga av Randi Storaas.

På 1960- og 70-talet laga Geirr Tveitt ei rekkje radioprogram då han var tilsett i NRK. Dette er ei mindre kjend side av den allsidige komponisten sitt virke. Hardingtonar vil dei neste åra ha ein fast programpost der ein lyttar til fleire av desse programma eller utdrag frå dei 50 år etter at dei vart sende. I år er det 1963 som står for tur. Det året vart dei fyrste av ei rekkje diktarportrett laga. Fyrst ut var Ragnvald Vaage og Olav H. Hauge.
Geirr Tveitt var programskapar, han samtalte med lyrikarane som framleis var i live og fekk dei til å lesa eigne dikt. Han sette tone til dikta deira og desse fekk si urframføring i sendinga. Me møter og utøvaren Geirr Tveitt på klaver og cembalo eller som dirigent av Kringkastingsorkesteret.

Stig Olav Skeie har lytta gjennom det omfangsrike materialet som finst i Radioarkivet. Han vil fortelja litt om dette arbeidet og om funn av nye til no ikkje registrete komposisjonar. Me får lytta til nokre av desse. Fokuset vert på året 1963, men me får og høyra kutt frå det aller fyrste lydopptaket med Tveitt-musikk frå 1936. Og me lyttar til store deler av programmet "Kom ikkje med havet for min torste" der Geirr Tveitt og Steinar Brauteset vitjar Olav H. Hauge heime i Ulvik og pratar om bygda, fjellet, fruktdyrking og ikkje minst om diktning. Olav les nokre av dikta sine som Geirr har tonesett og som vert urframført i programmet.

I Ordmeisteren Olav H. Hauge møter me gartnaren og lyrikaren frå Ulvik i Hardanger. Det er Hauge sjølv som fører ordet. Han fortel og les dikt, og me er med han i hus og hage på garden Hakastad. Me møter naturen og kvardagen som inspirerte han og bokhyllene hans fulle av verdslitteratur. Filmen er eit kort møte der Hauge tek oss med inn i si verd. Fokus er på kva han seier om det å skapa.

Filmen er bygd opp av foto-, lyd- og filmopptak frå ulike arkiv, og nye foto- og filmopptak frå garden Hakastad og Ulvik, tatt av fotografen Agurtxane Concellon.
Randi Storaas har regien, og lyddesignen er ved Knut Halmrast. Bodil Cappelen, Idar Stegane og Haugesenteret i Ulvik har vore konsulentar.
Tid: kring 15 minutt.




DET LYDLEGE I POESIEN

17. oktober 2013 skipa Venelaget føredrag og diktopplesing  på Litteraturhuset i Bergen for alle som er interesserte i Olav H. Hauge sin poesi. Temaet var det lydlege i Hauge sitt eige språk.

Førsteamanuensis Liv Marit Aksnes frå Høgskulen i Bergen arbeider med eit forskingsprosjekt som handlar om lyden i lyrikken, og Olav H. Hauge er ein av dei mest sentrale poetane i dette prosjektet. I føredraget sitt her fokuserte ho på korleis Hauge sjølv framførte dikta sine. Ho brukte eksempel frå lydopptak der Hauge sjølv las i ulike samanhengar.

Ho viste også korleis andre tolkar dikta hans gjennom å lesa eller syngja dei på ulike måtar. 
Etterpå les den prisbelønte poeten Erlend O. Nødtvedt frå Bergen hauge-dikt og eigne dikt frå 
debutboka si Harudes som kom ut i 2008. Nødtvedt brukar mykje allusjonar og intertekstuelle 
referansar til Hauge sine dikt og andre tekstar.


Det kom om lag 80 personar på møtet. Det er styret i Venelaget fornøgd med. Dette er det første 
arrangementet dette styret lagar til.


Frå det heimlege til det universelle
21. november arrangerte Venelaget møte I Bergen med temaet “Diktarspråket, frå det heimlege til det universelle”. Møtet var eit samarbeidsprosjekt med Biblioteket I Bergen. I tillegg fekk vi støtte frå Folkeakademiet. 

Professor emeritus Idar Stegane viste oss det veldige spennet mellom det nære og det verdsomfattande i ordval, biletbruk og allusjonar i diktinga til Hauge. Dette konkretiserte Stegane med utdrag frå dikt frå forskjellige diktsamlingar. På den knappe tida han hadde fått til rådvelde, rakk han innom både ord og uttrykk frå Ulvik og Hardanger og allusjonar til verdslitteraturen. Han viste oss innfallsvinklar til  eit historisk perspektiv og referansar til vår eiga tid. 

Deretter heldt forfattar og journalist Frode Grytten eit essayistisk foredrag med mange vittige anekdotar om oddamålet og oddakulturen. Han stilte Ulvik opp som glansbiletet av Hardanger, og Odda som antihardanger.  Grytten hevda at alle forfattarar har sin eigen geografi eller lokalitet. Lokaliteten inneheld både ein konkret plass, men og alle kulturelle impulsar ein har med seg. Ulvik, hardangerdialekten og den enorme boksamlinga til Hauge er Hauge sin geografi. Odda, oddadialekten, filmar, musikk og bøker er Grytten sitt geografiske univers.

Innhaldsrik kveld. Ein lærer stadig noko nytt om Hauge og om litteratur generelt. 
Mange ulvikjer hadde reist den lange vegen til Bergen for å delta på møtet. Venelaget sette stor pris på at dei kom. 

Randi Jåstad,
referent


Styremøte november 2008

Tid: Måndag 17. november, kl 18.00-20.30
Stad: Tanks videregående skole, Kong Oscarsgt. 21, på lærarrommet i 2. etg.

Saksliste:

 
Sak 1:
Referat frå årsmøtet 2008

 
Sak 2:
Tildeling av Kulturarbeiderprisen 2008 til Venelaget. Korleis disponera dei 30 000, og kvar skal diplomen halda hus - på kort og lang sikt!


Sak 3:
Heimesida vår - bruk og utvikling
Me må drøfta:

- om me skal drifta sida sjølve el. kjøpa web-basert support.
- om alle styremedlemer skal ha tilgang som skribentar.
- kor omfattande sida skal vera jfr. kobling til Dokumentasjonssenteret.
- skal sida fungera som løpande kommunikasjon med medlemene?

 
Sak 4:
Arbeidsoppgåver for styret frametter, fordeling av oppgåver mellom styremedlemmene.

Me har mykje ressursar og kompetanse tilsaman i styret, og enno meir i heile medlemsmassen. Korleis kan me nytta denne mest mogleg rasjonelt, slik at alle kan bidra med noko, og helst det ein kjenner og kan best?

Døme på oppgåver som er aktuelle:

- Samarbeidet med dokumentasjonssenteret og Ida Holen.
- Vidare dialog med Rossvoll, økonomien, arrangement der ved neste festival?
- Samarbeidet med Ulvik Festivalutvikling fram mot festival 2010.
- Medlemsbladet: redaksjonelle oppgåver, praktiske oppgåver ved trykking og utsending, bidrag med stoff til 
  bladet frå medlemene.
- Utvikla kontakten mot andre venelag. Vitjingar?

 
Sak 5: Ymse


Referat frå styremøte 11.06.14
Last ned her:
 


Amboltprisen 2010
Arne Skjerven vinn Amboltprisen!




(Foto: www.samlaget.no)

Komiteen for Amboltprisen har vedteke at Arne Skjerven får Ambolten for 2010. Her er noko av det som vert lagt vekt på i grunngjevinga:

Arne Skjerven (f. 1944), busett i Ulvik, var saman med nokre andre
eldsjeler grunnleggjaren av Venelaget Olav H. Hauge i 1999, og var
leiar og primus motor for laget heilt fram til 2006. I samband med
dette arbeidet var Skjerven og sentral i etableringa av Poesifestivalen
i Ulvik, og han har vore styre- eller varamedlem for Olav H.
Hauge-stiftinga anten som Venelaget eller Ulvik Herad sin representant.

Arne Skjerven har vore lærar og skuleleiar i ei årrekkje, fram til han vart pensjonist i 2009. I tillegg har han drive mykje som journalist og vore særlig aktiv i målarbeidet. I samband med arbeidet for målmedvit og språkrøkt blant dei unge, var Skjerven redaktør for skuleavisa Gluggen i ein halv mannsalder. Etter mange års arbeid med Olav H. Hauge og diktinga hans, kom boka Olav H. Hauge og bygda ut på Det Norske Samlaget i 2008, i samarbeid med ein tidlegare lærarkollega Steinar I. Bergo. I samband med denne boka, skriv Samlaget fylgjande i forfatterpresentasjonen av Skjerven på nettsidene sine:

”Skjerven snakka mykje og jamleg med Olav H. Hauge i over 20 år. Samtalane handla om norskopplæring, litteratur og ikkje minst språket for born og vaksne med vekt på målreising og språkrøkt. Skjerven gjorde elles opptaket til bautaen over diktinga til Olav H. Hauge (...)” og han har ” redigert temahefte til skulebruk om Per Sivle, Ivar Aasen om mål og målreising. Han har og skrive ei rekkje artiklar både i tidsskrift og aviser om språklege, historiske og litterære emne.”

Skjerven er ein av dei ”gamle slitarane” i arbeidet med på fremja Olav H. Hauge og diktinga hans. Med særleg fokus på det lokale perspektivet, har Skjerven arbeidd for å auke kunnskap om og kjennskap til lyrikk og målsak i skuleverket og mellom folk flest i nærare 40 år. Skjerven har og vore ein ressursperson og rådgjevar for Ulvik Herad og Brakanes skule i Ulvik innan områder som lokalsoge og lokale kunstnarar, og er vel kjend i bygda og omegn som ein heilt unik ressursperson. Skjerven er og ein kjent konferansier på Poesifestivalen, og har i form av sitt unike engasjement makta å sameine interessene til føredragshaldarar, forskarar og det generellepublikum på festivalen.


Venelaget gratulerer den verdige vinnaren, og satsar på å få til eit større intervju med Arne i augustnummeret av medlemsheftet vårt!



Dagskurs i Ulvik
Program for dagskurs i Ulvik 16.09.2010

Som meldt på heimesidene våre i april, vert det seminar/dagskurs i Ulvik 16. september.

Det er fortsatt ledige plassar, så det er berre å melde seg på!

Her er programmet.


Referat fra årsmøte 2010

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE

VENELAGET OLAV H. HAUGE

Stad: Rossvoll, i huset etter Olav H. Hauge

Tid: Laurdag 18. september 2010, kl. 09 - 10.3

_______________________________________

Årsmøtet 2010 vart også denne gongen gjennomført på Rossvoll hos  Stein Olav Kolås. Det møtte 18 medlemmer og 1 observatør (hadde ikkje fått betalt medlemspengar før møtet)

1.                Innkalling og dagsorden godkjent

2.                Konstituering

                                        -Unni Solem vart vald som møteleia

                                       -Torbjørg Austrud valt som referent

                                        -Teljekorps: Olav Ljones

3.                Regnskap 2008 - 2010.  Kasseraren la fram rekneskapen som var gjennomgått av revisorane  og godkjent utan merknader.

4.                Årsmelding 2008-2010.

                    Leiaren gjekk gjennom årsmeldinga som vart godkjent utan merknader. Følgjande tema vart diskutert;

-        Seminaret på Poesifestivalen

-       Boksamlinga

-       Medlemskort

-       Samarbeidsavtalar for å skaffe fram medlemsfordelar.

5.                Innkomne saker

-                Medlemspengar

                 Det kom framlegg om å auke medlemspengane.

                                       1. - til 200kr

                                       2. - til 250 kr

Røysting.

Framlegg om medlemspengar 200 kr pr år fekk 15 røyster 

Framlegg om 250 kr fekk 2 røyster og fall.

Vedtak.

Medlemspengar vert 200 kr pr år.


-        Vedtektsendringar

Styret kom med framlegg om følgjande endring i vedtektene:

                    Ny ordlyd på §5:

                    Venelaget skal ha ein medlem i styret for Haugestiftinga, og ein   medlem i styret for Ulvik festivalutvikling. Det skal veljast varafolk for desse to. Dei vert valde på årsmøte.

                    (Opphavleg ordlyd på §5; Venelaget skal ha eit medlem i styret for eit museum knytt til diktarheimen til forfattaren  på Rossvoll, og ein medlem for dei kommunale poesidagane. Det skal veljast varafolk for desse to.)

Etter noko diskusjon vart årsmøtelyden samde om følgjande:

A.       Vedtektsendringane vert utsett til neste årsmøte.

B.       Styret må før neste årsmøte, leggja fram eit nytt punkt i vedtektene som viser prosedyre for vedtektsendringar.

C.       Framlegg om vedtektsendringane vert å senda ut til medlemmene før neste årsmøte.

Det vart vidare bestemt at styret skal utarbeide ein handlingsplan med budsjett.


6.                Val

Framlegg frå valnemnda - alle valde med akklamasjon

Styreleiar:                         Unni Solem, attval, 2010-2012

Styremedlemer:                 Tone Tveit, ny, 2010-2012

                                       Torbjørg Austrud, attval, 2010-2012

                                       Stephen Walton, attval, 2010-2012

                                       Johannes Bleie, attval, 2010-2012

Varamedlemer:                  Stefan Andreas Sture, ny, 2010-2012

                                       Svein Ove Duesund, ny, 2010-2012

I tillegg la styret fram følgjande framlegg til øvrige  tillitsverv - alle valde med akklamasjon:

Revisor: Olav Bergo, Ulvik (ny) 2010-12

Kasserar:  Anders Oppheim, Ulvik (attval) 2010-12

Representant til styret i Olav H. Hauge-stiftinga:

Tone Tveit, Kvam (ny) 2010-12

Johannes Bleie, vara, attval 2010-12

Representant til styret for Ulvik Festivalutvikling:

Torbjørg Austrud, attval 2010-12

Unni Solem vara 2010-12


Valnemnd:

Elisabeth Sølvberg Aase, Voss (attval) 2010-12

Eli Lillebø, Voss (attval)

Steinar I  Bergo, Ulvik (ny)


Amboltprisnemnd:

Øystein Hide (ny), leiar 2010-12

Idar Stegane (attval) 2010-12
 
Sverre Tusvik (attval) 2010-2012


7.  Vegen framover for Venelaget Olav H. Hauge (ordet fritt).
 Tema som var oppe:
- Flyers til bruk for medlemar og andre på stands, kurs eller andre høve
- Boks på internettsida
- Medlemstalet

Møtet vart avslutta med kaffi og eplekake. Takk til vertskapet for hus og kaffi og nydeleg kake.


Ulvik, 29.9.2010
Torbjørg Austrud - referent


Referat styremøte 21.08.2013
Her kan du lesa referat frå siste styremøte


Nytt medlemshefte!

Eit nytt medlemshefte, denne gongen på 32 sider, gjekk i trykken seint i oktober. Det har vorte sendt ut til alle medlemane, og desse kan be om ein elektronisk kopi om dei skulle ynskje det. Innhald:

s. 2 - Nytt frå Venelaget!
s. 3 - Litt om Hauge sitt dikt "Oppskoke". Av Johs Bleie
s. 4 - "Han er der" av Halldis Moren Vesaas. Presentert av Johs Bleie
s. 8 - "Ved Olav H. Hauge sin bauta". Dikt av Steinar I. Bergo
s. 9 - "Olav, Christo og eg". Av Liv Marit Dalen Goldstein
s. 12 - "Møte med Hauge". Av Jarle Fanebust
s. 22 - Referat frå styremøte 17. november 2008
s. 25 - Referat frå styremøte 9. februar 2009
s. 28 - Referat frå styremøte 18. juni 2009
s. 30 - Artikkel av Olav H. Hauge
s. 31 - Vedtekter for Venelaget Olav H. Hauge
s. 32 - Styret og adresser


Pris til Venelaget Olav H. Hauge!
Venelaget Olav H. Hauge er årets kulturarbeidar i Hordaland!



Hordaland Fylkeskommune sin kulturarbeidarpris (hovudprisen) for 2008 gjekk til Venelaget Olav H. Hauge. Prisen er på 30.000 kr.
 
Du kan lesa meir om prisen og tildelinga her!


Referat
Referatet frå styremøtet kan du lesa her:



Oppdatert heimeside

No har heimesida vorte oppgradert med nokre endringar. Dersom det er spørsmål kring bruk av sida, eller innspel til kva som fungerer og ikkje fungerer, gjerne kontakt oss på e-post. 

Vonar oppfriskinga fell i smak!

 - Theresa


Samarbeid med dform.no
Venelaget Olav H. Hauge samarbeider med dform.no.

Venelaget Olav H. Hauge sine nettsider vert no drifta av dform.no. Det er framleis styret i Venelaget som skriv og legg ut saker på sidene, medan dform har laga ny og meir velfungerande struktur på sidene.
 


Referat frå styremøte 28.08.14
Last ned her:
 

Informasjon om Venelagsheftet 2010
                           

Venelagsheftet kjem med tre utgåver i 2010. Utgjevingsdatoar vert:

15. april (frist for innsendt stoff 1. april)

15. august (frist for innsendt stoff 1. august)

15. desember (frist for innsendt stoff 1. desember)
 
Olav H. Hauge-stiftinga sine nye nettsider vil vere staden der ein finn aktuelle nyhende omkring arbeidet med å fremja diktinga til Olav H. Hauge, og Venelagsheftet vil halda fram med å presentera intervju med sentrale aktørar innan formidlinga av Hauge og dikta hans. Me vil og trykkja artiklar om møte med Hauge og elles referat frå styremøter og anna aktivitet knytt til formidlinga av Hauge.


E-postadresser

Me ber om at medlemene våre sender oss e-postadressene sine, slik at me kan sende dykk aktuell informasjon. Vær snill og kontakt oss på: post@venelagethauge.no.


Styremøte februar 2010

Tid: Måndag 22. februar 2010, kl 18.00-21.00
Stad: Tanks videregående skole, Kong Oscarsgt. 21, Bergen
Desse møtte: Johs Bleie, Øystein Hide, Unni Solem og Stephen J. Walton
Fråfall: Torbjørg Austrud, Daniel Hydle, Elin Rondestveit


Saksliste:

1. Godkjenning av innkalling og referat frå forrige styremøte

2. Status for Haugesenteret og boksamlinga

Unni, som er Venelaget sin representant i styret for Olav H. Hauge-stiftinga, gjorde greie for kva som no skjer med boksamlinga.

Ein viktig milepæl: Det er vedteke å konsolidera med Nynorsk Kultursentrum, som og driv Ivar Aasen-tunet og Dei nynorske festspela.

3. Status Poesifestivalen og programkomiteen

Programmet er på det næraste ferdig og det ser ut til at årets festival vert rik på opplevingar både musikalt og litterært.

5. Prisutdelingar i 2010

Det har kome fleire framlegg til vinnar av Amboltprisen 2010. Komiteen tek si avgjerd innan 1. juni 2010.

6. Vedtektene for Olav H. Hauge-stiftinga og Venelaget Olav H. Hauge

I vedtektene til Stiftinga står m.a: ”I styret skal sitja ein representant frå Den Norske Forfattarforening ...”
Venelaget sender oppmoding til Hauge-stiftinga om at ein representant for Forfatterforeningen kjem inn i styret.

I vedtektene til Venelaget står m.a. at ein skal ha "medlem i styret for eit museum knytt til diktarheimen til forfattaren på Rossvoll". Slik stoda er no, i samband med at Stiftinga vil etablere eit Haugesenter i det gamle heradshuset, er dette misvisande og paragrafen bør oppdaterast.

7. Bok med foredragssamling frå litteraturseminaret i Ulvik 2008

Stefan A. Sture har etterlyst utgjeving i bokform av foredraga frå litteraturseminaret ved Poesifestivalen i 2008. Avtale frå 2008 var at Haugesenteret skulle gje ut dette. Venelaget kan ikkje ta på seg dette, og dåverande aktuelle kontaktperson ved Haugesenteret har slutta. Ei løysing kan vere å leggje bidraga ut på heimesida til Venelaget og/eller Haugesenteret. Ein kontaktar Sture og diskuterer dette vidare med han og dei ulike bidragsytarane.

8. Olav H. Hauge på engelsk

I samband med internasjonal lansering av Vigdis Nielsen sin film om Hauge, har Øystein har laga ein oversikt over tidlegare utgjevne Hauge-tekstar på engelsk. Det hadde m.a. vore behov for ei ny utgjeving i samband med lansering av filmen i England. Stephen kjem med framlegg om at ein skal kontakta NORLA - Norwegian
Litterature Agency - i samband med dette. Framlegg om eit seminar der ein samlar t.d. 5 omsetjarar (norsk-engelsk). Dei kan arbeida med kvarandre sine tekstar. Ideen vert lagt fram for Guro ved Haugesenteret, NORLA, Det Norske Samlaget og dei aktuelle engelske/amerikanske forlaga.


Neste styremøte vert torsdag 8. juni kl 18, i Bergen.


Ung poesi i Hordaland!
Ung Poesi i Hordaland - Utlysing

Venelaget Olav H. Hauge og Hordaland fylkeskommune i samarbeid med Ulvik Poesifestival, skipar til ei litterær tevling i poesi kalla "Ung Poesi i Hordaland". Prisen er på kr 10 000 og kan delast opp. Prisen kan berre gå til uprenta tekster.

Alle ungdomar som bur i Hordaland og som er i alderen mellom 18 og 25 år kan delta. Forfattarar som har debutert kan ikkje delta.

Vilkår for å delta: 5 uprenta poesitekstar og dessutan namn, yrke, alder og adresse. Tekstane vert vurderte av ein uavhengig faglitterær jury, som er oppnemnt av tilskiparane. Namn vil ikkje bli lagt fram for juryen.

Prisvinnarane vil bli varsla på førehand. Prisutdeling vert fredag 17. september under Ulvik Poesifestival.

Lysing og informasjon om tevlinga finn de også på: www.poesifestival.no og www.hordaland.no

Frist for tevlinga er fredag 25. juni 2010.

Forslag skal sendast til: post@venelagethauge.no
------------------------------------------------------------

Ved spørsmål om tevlinga, ta kontakt med:

Øystein Hide, Venelaget Olav H. Hauge (oystein.hide@fof.uib.no)



Hauge-seminar i Ulvik, 16. september 2010!
Som i 2008 vert årets poesifestival innleidd med eit fagleg seminar. Tema for seminaret denne gongen er ulike typar performativt arbeid knytt til Hauge sin poesi, og opplegget er tenkt som ein blanding av plenumsøkter og arbeid/diskusjonar i grupper.

Hauge i performativt perspektiv

Tid: Torsdag 16. september 2010, kl. 12.00-18.00.
Stad: Ulvik kurs- og konferansesenter / Haugesenteret i Ulvik.
Arrangør: Senter for kunstfag, kultur og kommunikasjon, Høgskolen i Bergen og Venelaget Olav H. Hauge.

Utdrag frå programskissa:

”I poesi ligg rytme, melodi og musikalitet. I poesi ligg fargar, metaforar og bilete. Poesi er oppleving og refleksjon. På ein særeigen måte har Olav H. Hauge sin poesi alle desse sidene. (...)

Dette seminaret vil få fram den fleirfaglege Hauge. Kjernen vil vere utvalde tekstar frå Hauge sin produksjon. Tekstane skal ikkje primært lesast analytisk akademisk, i staden skal tekstane tolkast gjennom ulike typar performativt arbeid, og studiar av slikt arbeid - opplesing, musikk, biletskaping, bildebokproduksjon.

Aktuelle spørsmål vil vere: Kva for plass og rolle kan opplesing ha i arbeid med litteraturforståing og -formidling i skulen? Kvifor og korleis er opplesing ein ’tolkande aktivitet’ - og korleis kan dette brukast i undervisninga? Korleis kan t.d. ulike lesemåtar demonstrere klanglege og rytmiske forhold i eit dikt? Kva skjer med tekstane når dei blir famførte; kva er den estetiske verknaden av å la Hauge sine dikt ’lyde’ i rommet, frå person til person? Og kva skjer når ein lar framføringa vere multimedial (samarbeid mellom opplesing, musikk og bilete)? (...)

Det er seminaret sin grunnidé at ein gjennom desse ulike performative tilnærmingane får fram tekstane sitt didaktiske potensiale. Korleis kan møtet mellom ulike kunstartar skape nye tilnærmingar til Hauge-tekstane?”

Praktisk opplegg:


Seminaret er tenkt tredelt:

- eit kort performativt innslag (ev. vising av utdrag frå DVD - Komikkje med heile sanningi, HiB 2008).
- arbeid i verkstad - deltakarane vert fordelt på arbeidsgrupper med musikk, opplesning, biletskaping og barnelitteratur som tema.
- plenumsøkt med refleksjonar og teoretiske perspektiv på detperformative / didaktiske.

Påmelding:

Send namn og adresse til: post@venelagethauge.no
Påmeldingsfrist: 1. juli 2010
Seminaravgift: 500 kr
Betal innan 1. juli til: 3450.30.01960, ved “Kasserar A.K. Oppheim”

Påmelding vert stadfesta på e-post. Seminaret vil ha omlag 30 plassar, så det gjeld å vere tidleg ute med påmelding.

----------------------------------------------

Ved spørsmål om opplegget, ta kontakt med:

Øystein Hide, Venelaget Olav H. Hauge (oystein.hide@fof.uib.no)
Aslaug Nyrnes, Høgskolen i Bergen (aslaug.nyrnes@hib.no)





Medlemshefte nr. 1-2010


Eit nytt medlemshefte er i trykken, og vert snart
sendt ut til alle medlemane.

I dette nummeret kan du lesa om fylgjande:
s. 2 - Nytt frå Venelaget!
s. 3 - Hauge-seminar i Ulvik, 16. september 2010
s. 5 - Ung poesi i Hordaland
s. 6 - Om ”Uppskoke”, svar til Johs Bleie. Av Bodil Cappelen
s. 9 - ”Olav H. Hauge på Hauge”. Av Berit Vatne Vik
s. 13 - ”To merkelege opplevingar”. Anonym
s. 15 - Eit og anna janglestrået freistar liv i gruset’ - Janglestrå, Olav H.Hauges siste diktbok? Av Stefan Andreas Sture
s. 39 - Referat frå styremøte, 19. oktober 2009
s. 40 - Referat frå styremøte, 22. februar 2010
s. 43 - Vedtekter for Venelaget Olav H. Hauge
s. 44 - Styret og adresser


Kluss med medlemsheftet







Som mange av medlemene våre har oppdaga og meldt oss, vart medlemshefte nr. 1 - 2010 trykt med innmat frå siste nummer i 2009. Dette var ein lei feil som vart gjort på trykkeriet, og nye og riktige hefter vert sendt ut denne veka.

Det er berre å beklaga dette sterkt, men me vonar de set pris på april-heftet vårt, sjølv om det altså endeleg kjem i juni.

Me ser fram til å høyre frå dykk med tips om stoff til augustnummeret! Frist for innsending av tekstar eller idear er 1. august.

 

Referat frå styremøte 13.02.2013

 
 

 

September 2008
Årsmøte, Vinnar Ung Poesi, Vinnar studiestipend, Ulvik Poesifestival



Ulvik Poesifestival gjekk av stabelen 17. - 21. september.

Her er link til festivalen si heimeside!

Vinnar av Venelaget Olav H. Hauge sitt studiestipend vart Johanne Marie Time Aksnes.

Les meir om ho her!

Vinnar av Ung Poesi i Hordaland vart Erlend O. Nødtvedt.

Les meir om han her!

Venelaget Olav H. Hauge heldt årsmøte på Rossvoll laurdag 20. september kl. 09.15 - 10.30

Les årsmelding her!




Nye nettstader!
To nye nettstader vart lansert denne veka:

Hauge-senteret sine sider er endeleg på plass. Me gratulerer!
http://www.haugesenteret.no/
 

Forfattar.net har og laga flotte sider om Hauge:
http://www.forfattar.net/olavhhauge/
 

Referat frå styremøte 4.november 2016

GOD JOL 2015
Styret i Venelaget vil ynskja alle medlemmene god jol med dette diktet:
JOLEBUNDA
 
Det er ikkje
mykje med jolebunda di
i år, kornet
vart grønt
og mygla i laden.
 
Men du set
bunda på stong
og det høgt -
og ventar takk
både av fuglane og Vårherre.
 
Frå Dropar i austavind  (1966)

Medlemshefte for Venelaget er sendt ut
 

«I desse dagar sender styret i Venelaget Olav H. Hauge ut eit nytt medlemshefte. Dei som enno ikkje er medlemer i laget, er sjølvsagt velkomne til å melda seg inn. Medlemene får to hefte for året med ulikt tilfang som har tilknyting til forfattarskapen til Olav H. Hauge. I tillegg vankar det gode rabattar ved ymse arrangement, til dømes Poesifestivalen i Ulvik annakvart år, på Litteraturhuset i Bergen eller Bergen Offentlige Bibliotek. I desse joletider kan medlemskap i Venelaget til og med vera ei høveleg jolegåve. Det viktigaste er at du som medlem i Venelaget støttar arbeidet med å halda diktinga til Olav H. Hauge kjend og levande. Medlemskap kostar 250 kroner for året.

Innbetalinga gjer du til: 3450.30.01960
Venelaget Olav H. Hauge, v/ kasserar Anders Kr. Oppheim, 5730 Ulvik.
Hugs å merka med namn, adresse og e-post!

Du kan  senda melding om medlemskap på e-post til styreleiar Olav Ljones, ola-lj@online.no eller Magne Velure, magne.velure@broadpark.no.

Velkomen som medlem i Venelaget Olav H. Hauge!»

Venelagsheftet for desember 2016 er no lagt ut under Venelagshefte her på nettstaden. Laget treng betalande medlemmer så vi oppmodar å melde seg inn sjølv om heftet kan lesast elektronisk her


Styremøte 21. september 2015

Referat 18.4.2016
 Referat frå styremøte i Venelaget Olav H. Hauge

18. april 2016 klokka 17.15 på Litteraturhuset i Bergen

 

Til stades: Randi Jåstad, Annelise Thorbjørnsen, Audun Lødemel, Torbjørg Austrud, Eivind Bergo

Sakliste:

1. Dugnad

 

Møtet starta med dugnad der me la medlemsheftet og skriv frå leiaren i konvoluttar.

Audun hadde gjort ein kjempejobb i forkant med å frankera konvoluttane, setja på adresselappar med meir.

 

2. Godkjenning av innkalling og referat frå førre møte

 

Innkallinga og referatet frå førre møte vart godkjend. Eivind har ansvar for å leggja referat ut på heimesidene våre.

3. Årsmøtet 10. september klokka 09.00. Oppgåver og arbeidsfordeling

 

Årsmeldinga og årsrekneskapen vert lagt ut på heimesida vår 14 dagar før årsmøtet.

Me tar i tillegg med om lag 20 eksemplar av årsmeldinga til årsmøtet.

Møteleiar: Audun.

Referent: Eivind

Koka kaffi, setja fram kjeks/kaker: Annelise

Skaffa møteprotokollunderskrivarar: Torbjørg

Setja fram stolar: alle

Me finn medlemmer til Amboltnemda og valnemda under styremøtet i august. Styret har framlegg til Amboltprisvinnar. Randi sender det til juryen ved Theresa innan 1. juli.

 

 

4. «Song, trø lett på hjarta mitt» 10. september klokka 13.30 - oppgåver og arbeidsfordeling.

 

Infoskriv om programmet vårt kjem med i hovudprogrammet til Ulvik poesifestival.

Haugesenteret tar seg av billettsalet. Venelaget har ikkje noko med billettsalet å gjera denne gongen.

Budsjett:

ü  Randi har søkt Folkeakademiet og Hordaland fylkeskommune om stønad.

 

Arbeidsoppgåver:

ü  Me har 90 minutt på Elvatun. Audun kontaktar Berit Opheim og informerer om at førestellinga maksimalt kan vara i 55 minutt.

ü  Torbjørg snakkar med dei på kulturkontoret i Ulvik som syter for at pianoet er stemt.

ü  Lydprøvane er frå kl 11.00, dvs Venelaget disponerer Elvatun frå kl 11 til lyd- og lysprøvar. 

ü  Annonsering: Annelise lagar annonser til Dag og tid (26. august) og avisa Hordaland (27. august og 3. september). Bilete av Hauge i Dag og tid, bilete av Berit Opheim i Hordaland.

Randi lagar utkast til annonsetekst, styret kjem med innspel via e-post.

ü  Styret hjelper kvarandre med å setja ut stolar dersom det er behov for dette. Audun avtalar med Berit Opheim om kva tid musikarane vil ha lydprøvar.

ü  Amboltprisen: Annelise har vore i kontakt med produsenten. Dei garanterer at prisen vert klar til hausten. Produsenten må vita namnet på prisvinnaren tre veker før utdelinga.

ü  Annelise ordnar gåver til musikarane, samt sjekk til vinnaren av Amboltprisen.

ü  Artiskontraktar: Randi og Audun ser på formuleringar saman.

 

 

 

 

 

 

 

 

5. Økonomi og medlemstal

 

139. 600 kroner på konto medio april. Laget har sunn økonomi og har høve til å gå inn med eigne midlar til førestellinga under Poesifestivalen til hausten.

Medlemsheftet i april kostar om lag kroner 23000. Av dette går kroner 9000 til trykking.

Andre utgifter er mellom anna til porto.

250 betalande medlemmer medio april. Me har ikkje aktive medlemsvervingar dette halvåret.

 

6. Ymse

 

1.      Referat frå møte i Haugestiftinga ved Annelise.

2.      Folkeakademiet Hordaland har kome med innspel om me ynskjer å skipa Folkeakademiet Ulvik. Vi tek ikkje initiativ til dette. Randi informerer Hordaland folkeakademi om avgjersla.

3.      Neste styremøte vert måndag 22. august klokka 17.15 på Park hotell Vossevangen.

 

 

Eivind Bergo, Bergen 18. april


Medlemshefte våren 2016

Referat styremøtet 22. august 2016

Årsmelding Venelaget OHH 2014-2016

Auka driftsmidlar til Haugesenteret
I 2013 er vi inne i det nasjonale Språkåret,  som vert organisert av Nynorsk Kultursentrum på oppdrag frå regjeringa.  Henta frå avisa Dag og Tid 12.10.2012: 
 
"Løyvinga til Nynorsk kultursentrum over statsbudsjettet gjev rom for auka driftsmidlar til Olav H. Hauge-senteret. - Følgjer Hordaland fylkeskommune og Ulvik Herad opp, kan me truleg tilsetje den fjerde og siste medarbeidaren ved Hauge-senteret hausten 2013, seier direktør Ottar Grepstad."

Gode nyhende!



Lyrikkseminar
LYRIKKSEMINAR  på Haugesenteret i Ulvik  9. - 10. november
"Poetisk tenking og diktarrolla"

Mir info på www.haugesenteret.no

REFERAT STYREMØTE 13.05. 14
last ned:


Venelaget på Ulvik poesifestival
Venelaget er stolt over å presentera Song, trø lett på hjarta mitt under Ulvik poesifestival laurdag 10. september klokka 14.00
Berit Opheim, Erlend Nødtvedt og Sigbjørn Apeland har sett saman eit program med opplesing, song og musikk.

Billettar på www.poesifestivalen.no eller på festivalkontoret i Ulvik.
Hordaland Folkeakademi støttar arrangementet.

Profil 4-1966 om Olav Hauge
 I venelagsheftet desember 2016 er det omtale av litteraturtidsskriftet Profil som hausten 1966 hadde  stoff om Olav H. Hauge. For dei som  ynskjer å lesa teksten om Hauge i Profil ha me  kopi av sidene om Hauge her

Styremøte 7. februar 2017

Medlemspengar 2017
 Styret vil minna om medlemspengane for Venelaget Olav H. Hauge som framleis berre er 250 kr. for året. Vi oppmodar medlemene om å betala medlemspengane  så snart de har høve til det,

Innbetaling  av kr 250 til konto 3450 30 01960 Venelaget Olav H. Hauge
v/kasserar Anders Kr.  Oppheim. Hjeltnesvegen 109, 5730 Ulvik

SKRIV TYDELEG NAMN OG ADRESSE PÅ AVSENDAREN.

Vil gjerne ha epost adressa di - send den til kasseraren epostadresse: anders@ulvik.org eller  leiar  av venelagt  Olav Ljones epost ola-lj@online.no
So minner me om at vil gjerne vil ha fleire medlemmer so
VERV EIN VEN

HELSING STYRET

Olav H. Hauge i Hjeltnesskrifta
 

Olav H. Hauge i Hjeltnesskrifta

Olav H. Hauge var elev på Hjeltnes hagebruksskule 1929-30 og på tilleggskurset 1933-34. I 1941 ga Hjeltneslaget ut eit jubileumsskrift til 40 års jubileet. I dette skriftet var det trykt dikt av Olav H. Hauge. Etter dette ga Hjeltneslaget ut skrift kvart tiande år til 1991 med dikt av Olav H. Hauge. Nokre av dikta som kom i Hjeltensskriftet var ikkje trykt andre plassar og i Dag og Tid 15-21 august 2008 har Jan Erik Vold ein artikkel med omtale av dikta som kom i Hjeltnesskriftet.   I 2001 var Hjeltnes gartnarskule 100 år og  eit jubileumsskrift kom ut med fleire artiklar som omtala Olav H. Hauge. Andre enn dei som har tilgang til Hjeltnesskrifta kan ha interesse av å sjå dei dikta som vart trykt  og kopiar er no tilgjengelege her

Hjeltnesskriftet 1941 Her er dikta: Sumarmorgon i Ulvik og Då smed-Ola sprøitte aplane

Hjeltnesskriftet 1951 Her er dikta: Gartnaren millom skyttargraver og Sniglen

Hjeltnesskriftet 1961 Her er dikta: Kveld i oktober ( I samlinga På ørnetuva er dette diktet med men er kalla Kveld i november) og Me legg bekken i røyr 

Hjeltnesskriftet 1971 Her er dikta: Eg ser på ein gamal spegel og Eg hogg ned den store apalen utfor glaset

Hjeltnesskriftet 1981 Her er diktet: Eit tre i brand

Hjeltnesskriftet 1991 Her er diktet: Almen i Todleivstunet


Medlemshefte for Venelaget Juni 2017
 Nytt nummer av medlemsheftet juni 2017  er no å finna under Venelagshefte

Venelagstur til Ulvik 6.-8. oktober 2017
 

Hausttur for Venelaget Olav H. Hauge, Vart avlyst

 til Ulvik,  6. - 8. oktober 2017 - Haustingstid

Styret i Venelaget vil gjerne utvida tilbodet til  medlemene. Vi inviterer med dette medlemene til å vere med på helgetur til Ulvik 6. - 8. oktober.

Det endelege programmet er ikkje klart, men ei skisse vil vera:

Fredag 6. oktober i Ulvik

%B7      Omvising på Haugesenteret.

%B7      Litterær festkveld på Haugesenteret med Agnes Ravatn og Einar Økland. Den grøne kafe kl. 20. Den einskilde lyt kjøpa billettar sjølv. Gå inn på heimesida til Haugesenteret.

Laurdag 7. oktober

%B7      Tur til Hakestad og Rossvoll. Omvising.

%B7      Tur til Siderruta - fruktslepp og haustingstid.

%B7      Kveldsarrangement med mat, drikke og kultur saman med Siderruta.

Søndag 8.oktober

%B7      Tur og omvising - ikkje fastlagd.

Nokre medlemer har kort veg, medan andre har lengre reise. Det er ikkje lagt opp til felles reise til Ulvik. Programmet startar ikkje før om ettermiddagen fredag , så ein rekk dit frå mange avreisestader.

Mange vil trenga overnatting, og vi har kontakta hotell, og det er rom og pristilbod på:

Hotell Brakanes  www.brakanes-hotel.no. Pris enkeltrom m frokost per natt kr 1250,-

telefon 56 52 61 05 epost  brakanes@bhghardanger.no

Hardanger Gjestehus. www.hardangergjestehus.no

Pris enkeltrom pr natt m frokost kr 900.- (pr person i dobbeltrom kr 750) telefon 90 65 62 06  og epost:  hardangergjestehus@gmail.com

Tanken er at den enkelte deltakar sjølv kontaktar hotella og tingar rom, og melder frå om at dette er ein tur i Venelagets regi.

For omvisingane og festmiddagen treng innbetaling frå medlemene, og dei som vil vera med, melder seg til leiar Olav Ljones.

 ola-lj@online.no

For dei som har sendt e-post-adressa si til styret, vil invitasjon bli sendt elektronisk. Vi vil og freista å nå medlemmane med SMS. Vi vil og informera på heimesida venelagethauge.no og Facebook.

Dette er ein tur for medlemene. Dei som ikkje har betalt medlemskap for 2017, kan betala 250 kr til bankgiro 3450 30 01960 v/ Anders K. Oppheim.

 

Påmelding til Olav Ljones: ola-lj@online.no

 


Hauge kveld 31.10.2017 Voss bibliotek
 

Ein kveld om Olav H. Hauge med Einar Økland og Leif Rygg

 

Tysdag 31.10 kl. 19.30 inviterar Venelaget Olav H. Hauge, Voss mållag, Voss Lyrikklag og Voss bibliotek i samarbeid til ein kveldsstund om Olav H. Hauge si dikting med ord og tonar av Einar Økland og Leif Rygg i Voss bibliotek. Arrangementet er støtta av Hordaland folkeakademi.

Diktinga til store diktarar lever eit liv etter dei. Målet er at den einskilde lesar ut frå sin livssituasjon finn det som er verdfullt for han/ho, og at jakta på den «rette tolkinga» ikkje er målet for lesinga. Lyrikaren og Haugevenen Einar Økland vil gjennom refleksjon og opplesing av tekstar gi oss ein glimt inn i korleis han har møtt Hauge sitt verk. Leif Rygg vil gjennom fela syne oss kva Hauge si dikting har gitt han. Og kanskje dei i samarbeidet finn noko som er nytt, både for dei og for oss tilhøyrarar?

Førehandssal av billettar: Voss kulturhus eller over nett (www.vosskulturhus.no)


Jula 2017 og Hardangerjol 2017
 I Hardangerjol 2017 er det ein kort artikkel frå Venelaget ved Olav Ljones.  Det er her samla joleminner og joledikt frå Dagbøkene etter Olav H. Hauge. Det er og ein artikkel av Øystein Hide om turar som Olav gjorde til England.
 

I 1981 skreiv Olav julekort til Bjarte Birkeland med dette korte diktet

Me skal feira jol
i kvert vårt bol.
Og vera sæle te
at me har fred
og godt med ved.

I 1968 skreiv han i Dagboka om joletrestas

JOLETRESTAS
Det kan no vera so med denne joletrestasen
han kan vera fin,
men det er no godt ein ikkje tek han fran anna enn kvar jol.-
I ljoset ein mørk jolekveld
kan han glitra og blenkja,
for barneauga då
men i dagsljoset - -
Godt trettandagen kjem so ein kan gøyma han.


JOLEBUNDA
(Spør Vinden 1971)

Det er ikkje 
mykje med
jolebunda di
i år. kornet
vart grønt
og mygla i laden.

Men du set 
bunda på stong
og det høgt og ventar takk
både av fuglane og Vårherre


VINTERNATT
(Under Bergfallet 1951)

No kveikjer Vårherre sitt joletre
I den kvite vinternatt-
All den glitrande stasen, barn
vilde du gjerne havt.

Himmelgrani so fin og blå
Har greiner av tandrande ljos;
karlsvogner kjem frå langferd der,
og måneskip sigler sin kos.

Du vil gripa pg leika, barn
Og kanskje skal di hand
eingong plukka måner ned
og sløkkja stjernor i brand


Med dette ei god julehelg til alle Haugevener


Referat frå årsmøtet 10.09.16

APRIL 2013




Kjære medlemer av Venelaget Olav H. Hauge!

Styret i Venelaget set stor pris på om medlemene kontaktar oss dersom nokon har noko på hjartet, anten med eit føreslag til kva Venelaget skal jobba med,  eller andre tips.  
Me er avhengige av medlemsmassen vår og difor er det viktig at me aukar kontakten oss i mellom. Viser elles til referata som vert lagde ut her med jamne mellomrom, samt anna aktuelt stoff. Me vonar medlemene (og andre) tykkjer om heimesida vår. Dersom det noko som ikkje fungerer gjerne gje oss ei melding. 


 - Leiar

Handlingsplan for Venelaget 2012 - 2014

Styret vil i perioden arbeida for følgjande: 
  • Fremja interessa for Olav H. Hauge si dikting, jf. vedtektene. 
  • Driva laget med balanse mellom utgifter og inntekter. Inntektene frå medlemspengane er ramma. 
  • Gje ut Venelagshefte på nett med minimum to nummer i året. Leiar og styret samlar inn tekstar etter fordeling. Leiar har ansvar for å sende av garde ferdig redigerte og språkvaska tekstar til Allkopi, innanfor den fristen som vert satt til kvar tid.  Styret samarbeider om tekstane. Alle frivillige bidrag vil verte vurdert. Honorar vil verte vurdert. 
  • Avvikle papirutgåva av medlemsblad og konvertere til E-bok. Denne vert lasta opp på nett. Dette for å halda kostnadane på eit lavt nivå og frigjere økonomiske midlar til andre område, til dømes seminar.  Medlemer som ikkje nyttar data vil framleis få tilsendt hefte. 
  • Arrangera litteraturseminar i Bergen/Hordaland i 2013/2014. Ulike samarbeidspartnarar er aktuelle, til dømes Litteraturhuset i Bergen, biblioteka og utdanningsinstitusjonane.  Starte med dette arbeidet for fullt januar 2013. 
  • Etablere eit tettare samarbeid med Haugesenteret i Ulvik, som skal opne i 2014. Følgje utviklinga av Ulvik Poesifestival framover,  då den er i ein omstruktureringsfase.  Stille på møter og delta aktivt med innspel i prosessen. Vende seg til Haugesenteret om samarbeid i arrangeringa av eit seminar i samband med Ulvik Poesifestival i 2014. 
  • Vidareutvikle Ung Poesipris, Amboltpris og re-etablere studiestipendet på 10.000 kr.  
  • Omarbeide og vidareutvikle nettsida. Leiar har ansvar for dette i samband med Dform. Leiar har ansvar for å leggje ut referat og e-bok. Alle i styret kan legge ut nyhende og liknande.
  • Marknadsføring og synleggjering av laget. Innlegg i aviser, spreiing av heimesida, facebook, trykke informasjonsbrosjyre og visittkort. Legge ut brosjyrar rundt omkring på bibliotek og andre relevante stader. Ha stend under poesifestivalen for å synleggjere laget og verve medlem.  

Vedteken på styremøtet 13.02.2013


Månadens nynorskforfattar 2013

Villanden forlag presenterer:

Månadens nynorskforfattar Mai 2013 
Olav H. Hauge

  • Stad: Dale Forsamlingshus, Stanghelle
    Tid: 23 Mai kl 18:00
    Bodil Cappelen les dikt og brev. 
    Musikk ved Knut Hamre på hardingfele. 
    Sporan Ranveig Lægreid kvedar eigne tonar til Hauges dikt.
    Arrangør: Villanden forlag
    www.villanden.no







Referat frå årsmøtet 10.09.16
 Referat frå årsmøte i Venelaget Olav H. Hauge 10.9.2016 kl 0900-1000 i Elvatun, Ulvik
Til stades: Styret og 19 andre røysteføre.
1. Innkallinga og saklista vart godkjente
2. Som ordstyrar vart vald Randi Jåstad. Referent vart Torbjørg Austrud. Oddmund Hus og Arne Skjerven vart valde til å skriva under referatet. 
3. Årsmelding  2014 - 2016: Årsmeldinga  vart godkjent. Det vart kommentert at styret har fått til gode arrangement og innhaldsrike nummer av venelagsheftet.
4. Rekneskap 2014 - 2016: Kasserarar Anders Kristoffer Oppheim gjekk gjennom hovudpunkta i rekneskapen. Kasseraren berømma styret for ryddig og godt utført arbeid i høve økonomien. Revisor har vore Olav Bergo. 
Rekneskapen vart godkjend utan merknader.
 
 
5. Innkomne saker:
Framlegg frå Unni Solem Bilsbak og Teresa Wallevik om å endra rolla til Venelaget i samband med at vi har fått eit Hauge-senter. Eit framlegg med utgreiing var sendt ut i lag med innkallinga til årsmøtet. 
Framlegg til vedtak frå Unni Solem Bilsbak og Theresa Wallevik:
1. Venelaget Olav H Hauge inngår eit tettare samarbeid med Haugesenteret i komande periode. Venelaget held fast på namnet.
2. Det nye styret får mandat til perioden 2016 - 2018 å arbeide med ei tettare tilknyting til Haugesenteret, i dialog med leiar der. Dei legg resultatet fram for neste årsmøte i 2018.
3. Det nye styret får i oppgåve å laga framlegg til naudsynte endringar av vedtektene til neste årsmøte i 2018.
Det kom opp eit alternativt framlegg frå Randi Jåstad; 
Årsmøtet ber styret vidareutvikla samarbeidet med Haugesenteret innanfor dei vedtektene vi har i dag.
Lars Meling kom med eit tillegg til Randi Jåstad sitt framlegg i eit nytt pkt 2. Styret får i oppgåve å leggja fram ei vurdering av kva for oppgåver samarbeidet kan innebera.
Det vart vidare sett fram eit punkt 3.Resultatet skal leggjast fram på neste årsmøte.
 Det vart ein diskusjon kring saka. Unni trekte sitt framlegg etter desse tillegga. 
Fylgjande framlegg vart samrøystes vedteke:
1.  Årsmøtet ber styret vidareutvikla samarbeidet med Hauge-senteret innanfor dei vedtektene vi har i dag.
2. Styret får i oppgåve å leggja fram ei vurdering av kva for oppgåver samarbeidet kan innebera.
3. Resultatet skal leggjast fram på neste årsmøte.
 
6. Valnemnda la fram sine framlegg til nye tillitsvalde i Venelaget.
Framlegg til ny leiar: Olav Ljones
 
Framlegg til styremedlemmer;
Magne Velure
Marit Hafting
Sjur Tjelmeland
Astrid Kløve-Graue
 
Vararepresentantar:
Grete Skarpeid
Torbjørg Austrud
Leiar og styremedlemmer samrøystes valde.
 
Anders Kristoffer Oppheim har sagt seg villig til å halda fram som kasserar. Sameleis har Olav Bergo sagt seg villig til å ver revisor . 
 
Styret la fram framlegg til ny valnemnd og Amboltprs-nemnd:
Ny valnmnd: 
Eivind Bergo
Sveinung Time
Aslaug Nyrnes
Vara: Arna Vik Misje
 
Amboltprisnemnda
Idar Stegane
Audun Lødemel
Øystein Hide 
Randi Jåstad
 
Vala vart gjort med akklamasjon.
 
Det gamle styret vart takka av med gåver, likeså valnemnda.
 
Referent: Torbjørg Austrud
 
Ulvik, 12.9. 2016
 
 
 
 

Hausten 2015
Gode Hauge-vener, vel overstått sommar. No har vi  klart haustprogrammet for Venelaget: 

10. november  kl 19 på biblioteket i Kulturhuset på Voss og 12. november på Litteraturhuset i Bergen:
" Det gjeng an å skriva i kvardagen og - Olav H. Hauge og  dagboktradisjonen i den nynorske skriftkulturen" .
 
 Øystein Hide held foredrag. Meir info seinare. Merk deg datoen. Vonar at du kjem, og at du tek med dg andre. 

På Voss samarbeider vi med biblioteket og Voss mållag, rabatt for medlemmer i Målaget og Venelaget.

Referat styremøte 23.01.2015


Referat frå styremøte 16.03.2015


Referat frå styremøte 25.4. 2015
Les referatet her:

GOD SOMMAR
Styret i Venelaget ynskjer alle medlemmene ein god vår og sommar med dette vesle diktet:
 
SELJA
 
Selja
stend gul
som i fjor,
men færre ser henne.
Fløytor høyrer ein
heller ikkje no.
 
Olav H. Hauge, frå Dropar i austavind

Fagseminar 1. juni

NB: Fagseminaret er diverre avlyst.

Lyrisk fagseminar på Hauge-senteret, måndag 1. juni

Olav H. Hauge-senteret inviterer måndag 1. juni 2015 til fagseminar med kinesiske og norske poetar. Tittelen på seminaret er: Lyrikk på tvers av språkgrenser - Olav H. Hauge og kinesisk lyrikk, kinesisk lyrikk og Olav H. Hauge.

Olav H. Hauge-senteret inviterer måndag 1. juni 2015 til fagseminar kor dei kinesiske poetane Xi Chuan, Wang Yin, og Zhai Yongming, og dei norske poetane Eldrid Lunden og Gunnar Wærness presenterer eigne forfattarskap. Seminaret avsluttar med paneldiskusjon kring temaet Olav H. Hauge og kinesisk lyrikk, kinesisk lyrikk og Olav H. Hauge med poet og omsettar Xi Chuan, Kina-forskar og sinolog Harald Bøckman, og litteraturforskar og kritikar Hadle Oftedal Andersen.
Seminaret er ope for alle og skal være på Olav H. Hauge-senteret i Ulvik. Programmet varar frå kl. 10.15 til kl. 15.45.
 
Ta kontakt med Haugesenteret om du er interessert i å vera med. Påmelding innan 15. mai.

Referat få styremøte 21. september 2015
Referatet finn du her: Referat 21. sept 2015.pdf
 

"Kom ikkje med heile sanningi"

Ord er dynamitt og verkar både i djupni og høgdi
i den sprekka dei slo,
kan grunnvatn stiga." (Olav H. Hauge)

Olav H. Hauge-program med skodespelar  Arnhild Litlere og saksofonist Arvid Aasprang

På Litteraturhuset i Bergen torsdag 5.februar kl 19.00

På Thon hotell Sandven fredag 6. februar kl 19.00

PÅ biblioteket, Voss kulturhus, laurdag 7. feb. kl 14.00 ( i samarbeid med biblioteket)

I Ungdomshallen, Odda sundag 8. feb. kl 18.00 (samarbeid med Odda Mållag)

www.billettservice.no (www.litteraturhuset.no for torsdag) vosskulturhus.no for laurdag)

Ordinær billett kr 250/medlemmer i Venelaget Olav H. Hauge som har betalt for 2015, kr 150 (i Odda medlemmer i Odda Mållag kr 150)


Arr: Venelaget Olav H. Hauge, med støtte frå Folkeakademiet og Fritt Ord.
 
 


Den andre mannen i meg

Filmpremiere på "Den andre mannen i meg" på Haugesenteret 26. nov. kl 19.00. Meir informasjon finn du på heimesida til Haugesenteret:



Den andre mannen i meg
Gjesteforestillinga "Den andre mannen i meg" med Henrik Mestad og saksofonist Trygve Seim vert sett opp på DnS i Bergen måndag 27.okt. kl 20.00. Stykket er basert på dagbøkene til Oav H. Hauge. Det har gått for fulle hus i Oslo! Vel verdt å få med seg for Hauge-vener.

ÅRSMØTET 2014

Les referatet frå årsmøtet her:


referat





Diktarspråket, frå det heimlege til det universelle

DIKTARSPRÅKET: FRÅ DET

HEIMLEGE TIL DET UNIVERSELLE

Idar Stegane om Olav H. Hauge 
Frode Grytten

I høve feiringa av Språkåret 2013 arrangerer Venelaget Olav H. Hauge møte med foredrag og opplesing på Hovedbiblioteket i Bergen. Tema for kvelden er dialektbruk og lokal koloritt i prosa og poesi, med utgangspunkt i Olav H. Hauge og Frode Grytten sitt litterære språk.

 

Professor emeritus Idar Stegane (Universitetet i Bergen) har gitt ut boka Olav H. Hauges dikting (1974) og skrive artiklar om Hauge. I tillegg til å bruka stoff frå si eiga Hauge-forsking, vil Stegane i foredraget ta føre seg moment frå boka Målmeistaren frå Ulvik (1998) av professor emeritus Andreas Bjørkum. Boka handlar om språkforma og ordvalet hos Hauge. Stegane vil visa korleis Olav H. Hauge nyttar ord og uttrykk frå naturen og kulturen i Hardanger og Ulvik i dikta, og korleis den lokale forankringa resulterer i  poetisk språk som blir til stor kunst med allmenngyldig tematikk. Aktuelle punkt vil mellom anna vera naturen som motiv, ordtak og visdomssetningar, tilhøvet til folk i arbeid og sosialt liv, samt tilhøvet til kultur- og diktekunst nær og fjernt i tid og rom.

Forfattar og journalist Frode Grytten (1960) kjem frå Odda. Han har gitt ut mange bøker i ulike sjangrar. Den mest kjende er kanskje Bikubesong frå 1999. Grytten blir lesen av folk i alle aldrar, og han har fått mange prisar for bøkene sine. I tillegg er han også høgt skatta som opplesar. Denne kvelden vil Grytten lesa eigne tekstar og visa korleis oddadialekten og lokal kultur kjem til uttrykk i hans eiga dikting.  

Tilskipar: Venelaget Olav H. Hauge i samarbeid med Folkeakademiet

Stad:  Auditoriet, Bergen offentlege Bibliotek 

Tid: 21.11. klokka 19:00.

Inngangspengar: 50,-

Medlemer av Venelaget Olav H. Hauge: Gratis

 


HAUGEKVELD PÅ LITTERATURHUSET I BERGEN

“Olav H. Hauge: det lydlege i poesien”
- om lyd og musikalitet i framføringa av Hauge-dikt


Dato: Torsdag 17.10. 2013 kl 19.00
Stad: Litteraturhuset i Bergen, i salen “Olav H. Hauge”
Arrangør: Venelaget Olav H. Hauge
Gjester: Førsteamanuensis i nordisk ved Høgskulen i Bergen
Liv Marit Aksnes (f.1952) og poet Erlend O.Nødtvedt. (f.1984).



Føredrag om Olav H. Hauge sitt eige språk.
Liv Marit Aksnes arbeider med eit forskingsprosjekt som handlar om “lyden i
lyrikken”. Olav H. Hauge er ein av dei mest sentrale poetane i dette prosjektet. I
føredraget fokuserer ho på korleis Hauge sjølv framfører dikta sine. Vi får høyre fleire
lydeksempel, og i tillegg gjev ho eksempel på korleis andre framfører Hauge-dikt, både
med song og tale/opplesing. Ho viser kva måten å framføre på har å seia for
opplevinga og forståinga av dikta.

Språkbruk står sentralt i dette føredraget, Aksnes viser korleis musikken i språket , dvs.
lyden i lyrikken, påverkar opplevinga av dikta. Ho prøver å vise korleis det musikalske
(det klanglege og rytmiske) i skriftdiktet skaper meining,  og korleis det påverkar
framføringsmåten.




Etter føredraget vil poeten Erlend O. Nødtvedt lesa Hauge-dikt.
Inngangspengar: 150,- (hugs kontantar)
Medlemer i Venelaget: gratis



REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I VENELAGET OLAV H. HAUGE


/minebilder/referat frå årsmøtet 2012 (1).pdf


















































































































































Venelagshefte nr 2 - 2011

No er Venelagshefte nr 2 - 2011 tilgjengeleg her på nettsida. Sjå til venstre under rubrikken medlemsheftet. 

Olav H. Hauge i Radioteateret NRK P2

Sundag og måndag kan ein høyre utdrag frå Hauges dagbøker i Radioteateret på NRK P2. Henrik Mestad har teke eit dykk ned i dagbøkene til Hauge, der han framfører  stykket "Den andre mannen i meg", som han sjølv har skrive. 
Høyrespelet vert sendt klokka 15.03  torsdag 11.11.. og klokka 21.03 måndag 12.11.2012

Poesifesten er over!

Dei små og intime scenene på Drøs og Den grøne Kafé egnar seg godt for opplesing, om enn det kan verta trongt om plassen og godt og varmt innimellom.

Takk til alle som kom og deltok, både aktørar og publikum!

Amboltprisen vart i år tildelt Bodil Cappelen! Det var svært populært etter applausen i salen å døma. Bodil er alt i gang med eit nytt prosjekt som gjeld formidling av Olav H. Hauge sine tekstar- denne gongen eit nytt dagbokutval meint for omsetjing til engelsk, hollandsk, fransk, koreansk, færøyisk, dansk- og frå engelsk til kinesisk. Hovudfokus i dette nye dagbokutvalet vil vera Olav H. Hauge sin kontakt mot verdslitteraturen, seier Bodil.  Ho opptredde saman med Klaus Anders frå Tyskland og Knut Hamre (meisterspelemann frå Granvin) under festivalopninga fredag, med dikt lesne parallelt på tysk og norsk. Programmet deira var ei fin oppleving for oss som høyrde på. Prisvinnaren såg elles ut til å nyta festivallivet, og var oppteken med å ta vare på sine gjester og sjå til at dei hadde det godt. Venelaget ønsker den spreke dama lukke til med arbeidet vidare!

Prisen "Ung Poesi i Hordaland" vart tildelt Kristin Karlsson, busett i Bergen. Ho kjem frå Sverige, studerte i fjor ved Skrivekunstakademiet i Bergen. Ho har tidlegare studert arkitektur og har nettopp reist til Seattle for å studera vidare. Ho kunne difor ikkje vera tilstades ved utdelinga, men var svært glad for prisen. Her er hennar kommentar:

"Jag skulle vilja tacka så väldigt mycket för priset. Skrivande kan, som säkert de flesta vet, vara en ganska ensam sysselsättning i vissa perioder. Under en stor del av processen bevaras texterna och idéerna gömda från omvärlden, de inte får komma i kontakt med luften som man vanligtvis andas, utan måste förvaras i specialtillverkat vakuum. Det är därför fantastiskt men nervöst att få släppa sina texter på grönbete efter en lång tids instängdhet.Ett pris som detta är därför väldigt roligt att få och betyder mycket som fortsatt uppmuntran. Kort och gott. Hjärtligt tack!"

Venelaget avvikla sitt årsmøte laurdag 15/9, med 20 frammøtte medlemmer. Ny leiar er valt: Theresa Wallevik, oppvaksen i Ulvik og busett i Bergen. Sjå elles referat frå årsmøtet.


Nytt frå Haugesenteret i Ulvik.

Haugesenteret har no to fast tilsette:

Mari Olafsen Lundemo kom i mars 2011, og er dagleg leiar.


I september kom Eirik Dalen som skal vera dokumentasjonsansvarleg.


Dei har alt drege i gang arrangement i Haugesenteret, med bra oppmøte frå lokalbefolkninga.


Søndag 3.desember 2011 kjem forfattaren Carl-Göran Ekerwald frå Sverige for å presentera den siste boka si, ”Det stora självportrettet- om Olav H. Hauge".

Hjarteleg velkomne, dei som er i rimeleg avstand og har høve til å koma!

Haugesenteret treng ny leiar

 Lundemo har gjort godt arbeid og vunne tillit i mange miljø. Det har vore kjekt å samarbeide med henne, og eg har gjort det eg kunne for at Lundemo skulle bli verande, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum. Han reknar dette som ei svært interessant stilling i norsk kulturliv og er svært mottakeleg for tips om gode kandidatar.

Hauge-senteret er blitt godt motteke og møter mykje interesse både lokalt og nasjonalt, seier dagleg leiar Mari Olafson Lundemo. Dette har vore ei særs lærerik og spennande tid som gjennom godt samarbeid med kollegaer og andre aktørar har gitt meg mykje. Likevel blei saknet etter historiefaget for stort, og eg kom difor til at det vil vere rett å overlate det vidare arbeidet med Hauge-senteret til andre, seier Lundemo.


Tre faste arbeidsplassar i 2012


Mari Olafson Lundemo har vore dagleg leiar ved Olav H. Hauge-senteret sidan mars 2011. I oktober tok Eirik Bergesen Dalen til som dokumentasjonsansvarleg, og så fort ny dagleg leiar er på plass, lyser Nynorsk kultursentrum ut stilling nr. 3 i Ulvik. Hauge-senteret treng ein administrasjonssekretær når aktiviteten no skrur seg til med utvikling av basisutstilling og andre publikumstilbod.



Hauge-senteret har vunne tillit


 Arbeidet med å utvikle Hauge-senteret er i rute, seier Grepstad. Før jul hadde ei utstillingsgruppe første møtet sitt, og seinare i januar møtest fagrådet for første gong. Begge desse utvala er breitt samansette med medlemer frå heile landet.


For 2012 er driftsbudsjettet for Hauge-senteret på om lag 3,1 millionar kroner. %96 Vi gler oss over at både Ulvik herad, Hordaland fylkeskommune og Kulturdepartementet satsar på Hauge-senteret, og at planane for senteret blir tekne så godt imot både i bygda og i fagmiljøa, seier Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.


Ung Poesi i Hordaland
Prisen kan berre gå til tidlegare uprenta tekstarPrisen er på kr.10.000 og kan delast opp. 
Alle ungdomar som bur i Hordaland og som er i alderen mellom 18 og 30 år kan delta. Forfattarar som har debutert 
kan ikkje delta.
5 lyrikktekstar skal sendast inn for vurdering. Legg ved namn, yrke, alder og adresse i eige dokument. Send til leiar for Venelaget på adressa:  unni.solem@ulvik.kommune.no ,evt post: Unni Solem, P.b 5, 5730 Ulvik. Tekstane vert vurderte av ein uavhengig faglitterær jury på 3 personar, oppnemnt av tilskiparane. Namn vil ikkje bli lagt fram for juryen.
Frist for innsending er 20.06.2012
www.venelagethauge.no  
www.poesifestival.no
Vilkår:
Prisvinnarane vil bli varsla på førehand. Prisutdeling vert fredag 14.september 2012 under Ulvik Poesifest - Olav H. Hauge- dagane.
Lysing og informasjon om tevlinga finn de også på:
 

Ung Poesi i Hordaland

Venelaget Olav H. Hauge i samarbeid med Hordaland fylkeskommune skipar til ei litterær tevling i poesi kalla ”Ung poesi i Hordaland”. Prisen kan berre gå til tidlegare uprenta tekstar.

Prisen er på kr.10.000 og kan delast opp.

Alle ungdomar som bur i Hordaland og som er i alderen mellom 18 og 30 år kan delta. Forfattarar som har debutert kan ikkje delta.

Vilkår:

5 lyrikktekstar skal sendast inn for vurdering. Legg ved namn, yrke, alder og adresse i eige dokument. Send til leiar for Venelaget. Tekstane vert vurderte av ein uavhengig faglitterær jury på 3 personar, oppnemnt av tilskiparane. Namn vil ikkje bli lagt fram for juryen.

Prisvinnar 2012 vart Kristin Karlsson, gratulerer!



NYnorsk - eit moderne språk
Ope møte på Voss gymnas 13. september kl. 19.00.
Me inviterer DEG til ein spennande kveld med korte innslag, ordskifte og musikk.

Gjester: Hans Erik Ringkjøb, Dag Helleve, Gunnstein Akselberg, Ottar Grepstad, Maria Horvei og Karen Fadnes Brattebø

Stad:Festsalen, Voss gymnas
Fritt tilgjenge. Arrangør: Voss gymnas



Ein million kroner til Olav H. Hauge-senteret


Årsmøte september 2010 + årsmelding
Det er snart tid for årsmøte, og alle er sjølvsagt velkomne.
Sjå innkalling her, og årsmelding her.


Styremøte juni 2010

Tid: Tysdag 8. juni 2010, kl. 18.00-21.00
Stad: Heime hjå Johs Bleie, Bergen
Desse møtte: Sjå referat

Saksliste:

1. Godkjenning av innkalling og sakliste

2. Referat frå sist styremøte 22. februar 2010
3. Dagskurset i september - status og vidare arbeid
4. Om Poesifestivalen (siste programversjon vert lagt fram)
5. Om Hauge-senteret
a) Årsmelding for Haugestiftinga
b) Referat frå møte med Hordaland fylkeskommune, kulturavd.
c) Om konsolidering med Nynorsk kultursentrum
og forprosjektrapport
6. Førebuing av årsmøte 18.09.2010
7. Status for Amboltprisen og Ung Poesi
8. Ymse. Dato for neste møte


NB! Referat ligg her.



Ung poesi i Hordaland
Ulvik Poesifestival, Hordaland fylkeskommune og Venelaget Olav H. Hauge skipar til ei litterær tevling i poesi kalla ”Ung Poesi i Hordaland”. Prisen er på kr. 10 000 og kan delast opp. Prisen kan berre gå til uprenta tekster.

Alle ungdomar som bur i Hordaland og som er i alderen mellom 18 og 25 år kan delta. Forfattarar som har debutert kan ikkje delta.

Vilkår for å delta: 5 uprenta poesitekstar og dessutan namn, yrke, alder og adresse.

Tekstane vert vurderte av ein uavhengig faglitterær jury, som er oppnemnt av tilskiparane. Namn vil ikkje bli lagt fram for juryen.

Prisvinnarane vil bli varsla på førehand. Prisen vert delt ut fredag 19. september under Ulvik Poesifestival.

Lysinga ligg og på:
www.poesifestival.no.
 

Frist for tevlinga er fredag 20. juni 2008.

Forslag skal sendast til:


Venelaget Olav H. Hauge,
v/Øystein Hide
Løvstakklien 16
5055 Bergen

Studiestipend
VENELAGET OLAV H. HAUGE SITT STUDIESTIPEND

Venelaget Olav H. Hauge deler i år ut eit studiestipend på kr. 10 000.



Styremøte mars 2008
Tid: Torsdag 6. mars 2008, kl 17.30-20.00

Stad: Voss ungdomsskule

Saksliste:

- Innkalling og referat frå forrige styremøte

- 01/08 Status Dokumentasjonssenter Olav H. Hauge

- 02/08 Status Poesifestivalen

- 03/08 Førebels medlemstal 2008

- 04/08 Status medlemsskriv, heimeside og gjestebok

- 05/08 Hauge-konferansen 17. - 18. september

- 06/08 Endeleg avgjerd Amboltprisen

- 07/08 Markering av Hauge sin fødselsdag 18. august

- 08/08 Struktur av arbeidsoppgåver i Venelaget

- 09/08 Venelaget sitt studiestipend

 

Ymse

Invitasjon til Hauge-konferanse
KONFERANSE OM OLAV H. HAUGE

OLAV H. HAUGE SI DIKTING I KONTEKST
 
17. - 18. september 2008
 
Stad: Ulvik i Hardanger
 
I samband med hundreårsjubileet for diktaren Olav H. Hauge inviterar Ulvik Poesifestival i samarbeid med UiO og Venelaget Olav H. Hauge til jubileumskonferanse.



Medlemshefte nr 4 - 2007
Nytt medlemshefte!

Heftet inneheld desse sakene:
S. 2 - Nytt frå Venelaget! 
S. 3 - Intervju med medlem: Erica Weeda 
S. 7 - Harding Puls markerer Hauge og Tveitt 
S. 11 - Vedtekter for Venelaget Olav H. Hauge 
S. 12 - Styret og adresser

Ope medlemsmøte i Ulvik
Venelaget Olav H. Hauge inviterer til ope medlemsmøte i Ulvik:
 
SUNDAG 18. NOVEMBER KL. 14.00 - 16.00
 
Møtestad vert Heradshuset i Ulvik.
 
Her kan du møta representantar for Venelaget, Olav H. Hauge-stiftinga, og Ulvik Poesifestival. Det vert gjort greie for planane om eit Dokumentasjonssenter i Hauge sitt namn, og medlemane våre får høve til å koma med innspel til kva senteret skal innehalde.
 
 
Ta kontakt med oss for nærare informasjon: post@venelagethauge.no
Telefon: 91695164

Styremøte oktober 2007

Tid: Torsdag 18. oktober 2007, kl 18.00-21.00

Stad: Scandic Bergen City Hotell

 

Saksliste:

 

- Innkalling og referat frå forrige styremøte

- 08/07 Status Dokumentasjonssenter Olav H. Hauge

- 09/07 Førebels medlemstal 2007, planar for verving 2008

- 10/07 Innhald i medlemsskriv nr. 2/3 - 2007

- 11/07 Innhald i medlemsskriv nr. 4 - 2007

- 12/07 Innkalling til medlemsmøte 18. november

- 13/07 Endeleg avgjerd Amboltprisen

- 14/07 Deltaking på Poesifestivalen 2008

 

Ymse

 

1 million kroner frå Visjon Vest!
Sparebanken Vest sitt fond for allmennyttige midler, Visjon Vest, vedtok i møtet av 25. oktober 2007 å løyva 1 million kroner til eit Olav H. Hauge Dokumentasjonssenter i Ulvik.

Saka vart presentert i Bergens Tidende fredag den 26. oktober og i lokalavisa Hordaland laurdag den 27. oktober.

Sakene vart diverre berre prenta i papirutgåvene, men du kan få tilsendt kopiar av artiklane ved å henvenda deg til oss.


Dokumentasjonssenter Olav H. Hauge
Vedtak i sak om Dokumentasjonssenter i Ulvik

Det er med stor glede vi kan sitere frå Ulvik Herad si heimeside:

"Ulvik heradsstyre har i sak 44/07 gjort samrøystes vedtak om å starta klargjering av Heradshuset til kulturhus og dokumentasjonssenter for Olav H. Hauge sin forfattarskap."


Hauge kanonisert
Som venelag for Olav H. Hauge er vi ikkje særleg opptekne av å kanonisera korkje Hauge eller andre poetar og forfattarar, men vi registrerer med audmjuk glede at mediekåte litteraturforskarar og journalistar inkluderer Hauge i listene sine. Liste laga av ein fagjury nedsett av Litteraturfestivalen på Lillehammer.
 
Liste presentert i Aschehoug forlag sitt verk "Den norske litterære kanon 1900-1960", finn du her.


Mai 2007
Arbeid fram mot dokumentasjonssenter

Venelaget Olav H. Hauge arbeider for tida tett saman med Olav H. Hauge-stiftinga for å få til eit Dokumentasjonssenter/Litteraturhus i Ulvik, under Hauge sitt namn. Me er i dialog med fleire interessante og interesserte samarbeidspartnarar og finansielle kjelder. Saka vert røysta over av Heradsstyret i Ulvik den 20. juni.


Styremøte februar 2007
Venelaget Olav H. Hauge heldt styremøte på Voss Ungdomsskule, laurdag 17. februar 2007, kl. 12.00.
 
Her vart desse sakene diskutert:
 
    * Fyrste nummeret av Venelagsposten vert sendt til alle medlemene 26. mars.
 
    * Venelaget vil arbeide vidare for etableringa av eit Olav H. Hauge Dokumentasjonssenter i Ulvik.
 
    * Vi gler oss over eit stadig aukande medlemstal.
 
    * Kandidatar til Amboltprisen 2008 vart diskutert. Har du forslag til kven som skal motta prisen, er det berre å ta kontakt med oss.

Styremøte desember 2006
Det nye styret hadde sitt fyrste møte. Det vart laga eit joleskriv til medlemane, og elles vart det planlagt store ting for det nye året!



        Rediger