Årsmøteprotokoll

Venelaget Olav H. Hauge

Årsmøte 2024 – 2025

Stad: Rossvoll 12. sept. 2026

Sakliste:

Godkjenning av innkalling og sakliste.

Vedtak; Innkalling og sakliste vart godkjende.

Val av møteleiar, referent, og to til å skriva under møteboka.

Desse vart valde: Møteleiar: Guri Hjeltnes

Referent: Ingebjørg Winjum

Til å skriva under møteboka: Torunn Hovland Ljone og Liv Hauge Syse

Årsmelding

Årsmeldinga vart lagt fram av leiar Ågot Gammersvik.

Vedtak; Årsmeldinga vart godkjend.

Rekneskap for 2025

Rekneskapen vart lagt fram av Anders Kristoffer Oppheim.

Vedtak: Rekneskapen vart godkjend med eit underskot på ca. kr 14 000.

Kontingent for 2027

Framlegg frå styret om å auka kontingenten med kr 50 til kr 300,-.

Vedtak: Framlegget vart godkjent, og gjeld frå og med 2027.

Val

Framlegg frå valnemnda vart godkjent. Vala gjeld fram til september 2028.

Leiar: Ågot Gammersvik

Styremedlemer: Alf Gunnar Eritsland, Håkon Gjerde, Guri Hjeltnes, Ådne Dyrnesli.

Kasserar: Anders Kristoffer Oppheim.

Varamedlemer: Øystein Hide, Torbjørg Austrud.

Styret sitt framlegg til valnemnd vart godkjent: Nils Vidar Vambheim, Torunn

Hovland Ljone og Ingebjørg Winjum.

Tal frammøtte: 14


Publisert

i

av

Stikkord: