Om oss

Om Venelaget Olav H. Hauge

Olav H. Hauge, lyrikaren frå Ulvik (1908 – 1994), er framleis ein kjend og kjær poet. Hausten 2016 hadde NRK ei kåring av dei beste norske dikt gjennom tidene, og i finalen var to dikt av Olav H. Hauge med, og diktet «Det er den draumen» vann heile kåringa. Hauge sjølv ville nok ikkje ha  lika slike kåringar. Men og mens han levde, fekk Olav merka at han var ein særs omtykt poet både hos folket og i aukande grad mellom litteratane. Det grodde i Hauge sine spor.

I 1999 vart Venelaget Olav H. Hauge skipa på Rossvoll,  diktarheimen til Olav H. Hauge i Ulvik. Laget er landsomfemnande og er for vener av Olav H. Hauge si dikting og har no omlag 300 medlemmar. 

Styret gjev ut Venelagsheftet. Det har vore ulike arrangement og føredrag, men den største tilskipinga vart Poesifestivalen som no Haugesenteret og Nynorsk Kultursentrum har ansvaret for.


HAUGESENTERET I ULVIK OG ULVIK POESIFESTIVAL

Venelaget var pådrivarar i arbeidet med etableringa av Haugesenteret i Ulvik. Senteret hadde offisiell opning torsdag 4. september 2014. Det skal vere ein møtestad for poesi- og litteraturinteresserte frå heile landet, med omvisingar, føredrag og ulike utstillingar.I tillegg har senteret samla alt tilgjengeleg materiale om Hauge og kopiar av alle tekstane hans.


Skiping

På skipingsmøtet på Elvatun 1999 vart fylgjande vedtekter samrøystes vedtekne:


1. Namnet på laget er “Venelaget Olav H. Hauge”.

2. Føremålet med laget er å fremja interessa for Olav H. Hauge si dikting.

3. Medlemar av laget greier ut medlemspengar, som vert fastsette på årsmøtet.

4. Venelaget skal gje ut medlemsblad.

5. Venelaget skal ha medlem i styret for eit museum knytt til diktarheimen til forfattaren på Rossvoll, og ein medlem for dei kommunale poesidagane. Det skal veljast varafolk for desse to.

6. Venelaget skal ha styre med leiar, nestleiar, kasserar, skrivar og styremedlem. Det skal veljast to varafolk. Leiaren er på val ved kvart årsmøte, medan dei andre i styret og på varalista går skiftesvis ut, slik at styremedlem, skrivar og ein av varafolka på skipingsmøtet vert valde for eit år.

7. Årsmøtet vert halde i samband med “Poesidagane i Ulvik”, annakvart år. Årsmøtet skal kunngjerast minst ein månad på førehand. Det skal ta føre seg årsmelding og rekneskap, og elles planlegging for komande arbeidsbolk. Årsmøtet vel og valnemnd og ettersyn. Vala er for to år.

8. Omframt årsmøte vert halde når styre eller 1/5 av medlemane krev det.

9. Endringar av vedtektene eller eit krav om oppløysing av Venelaget kan berre gjerast på vanleg eller omframt årsmøte. Då krevst det at 2/3 av dei frammøtte er samde om det. Om det kjem vedtak om oppløysing, skal midlar og verdiar gå til museet, som ber namnet til Olav H. Hauge.